
RE-WILD Arrangement
Reisa Heim
Drum Journey
Hugsar du rytmen din?

Detaljer
Varigheit: 90min
Datoar & Stadar:
Søndag 1 Februar kl18:30 - Heggjabygda Gjestegard, Nordfjord
Fleire datoar kjem seinare.
Pris: kr. 250,-
○○○○○○○○
Minumum tal påmeldte : 3
Om minimum tal på påmelde ikkje blir nådd, blir arrangementet avlyst. Du får full refusjon.



Om
Vi startar med roleg yoga i yin-stil for å lande i kroppen og roe ned nervesystemet. Deretter får du ei kort innføring i trommereisa, før vi går inn i ei guidet meditasjon som glir direkte over i sjølve tromminga. Etter reisa set vi av tid til integrering og deling i gruppe.
Alt i timen vert halde på norsk, med unntak av den guidede meditasjonen rett før trommereisa, som vert leia på engelsk.
Timane skal passe for alle, også for nybyrjare.
Etter timen er du velkomen til å bli igjen for ein kopp te og ein hyggeleg prat.
Kom som du er - alle er velkomen!



Om Re-Wild
På Re-Wild Retreats følgjer vi årshjulet, solverv og jamdøgn, månesongen og den gamle nordiske og keltiske kalenderen. Med vårt unike konsept Kundalini X Paganisme tilbyr vi ei vegleiing på vegen tilbake til din plass i naturen, di re-wilding-reise.
Vi følgjer vegen frå våre eldgamle indoeuropeiske røter, og går frå yoga til djup kontakt med vår eiga jord gjennom europeisk spiritualitet. Tilnærminga vår er djupt animistisk; vi heidrar naturvesena, dei gamle gudane og universet som bur i oss og i alt. Vi arbeider med ritual og seremoni, den heilage tromma og løyndomane som ligg gøymde i ryggrada vår for å frigjere oss sjølve og kome heim.
Vi ynskjer deg velkomen til å reise saman med oss.
Kva om du fekk sjansen til å synkronisere deg sjølv på nytt og ta din rette plass i livets og universet sin syklus?
Ville du teke han?
Kundalini X Paganisme?
Vil du læra meir om dette (kanskje litt rare) konseptet?
Eg lovar at du kjem til å lika det ♥!

Om Ellen
Ellen har en dyp lidenskap for yoga og for forbindelsen mellom mennesket og naturen. Etter å ha flyttet til Island og senere Norge, begynte hun å utforske yoga som et verktøy for selvoppdagelse, balanse og kontakt med det som er større enn oss. I møtet med de ville nordiske landskapene vokste hennes ønske om å veve sammen yogisk visdom med europeisk, jordnær spiritualitet.
Gjennom konseptet Kundalini X Paganisme skaper Ellen et rom der vi kan følge naturens rytmer og gjenoppdage vår plass i livets sirkel. Hun bruker yoga, pust, ritualer og kontakt med elementene som veier til indre ro og ytre tilhørighet.
Ellen ønsker å inspirere andre til å leve mer i takt med naturen, finne balanse i seg selv og huske at vi alle er en del av den samme levende helheten.
FAQ
Kva språk blir workshopen halden på?
Heile økta blir halden på norsk, med unntak av den guida meditasjonen rett før trommereisa, som blir leia på engelsk.
Blir det yoga?
Ja, men berre rundt 30 minutt.
Mjuke rørsler som hjelper deg å kome inn i kroppen og roe ned nervesystemet.
Om du er uroa for dette, eller har utfordringar med rørsle og likevel ønskjer å vere med, sei gjerne ifrå, så finn vi tilpassingar som passar for deg.
Kva om eg ikkje er særleg interessert i esoterikk eller spiritualitet, vil eg likevel ha utbyte av dette?
Ja.
Du treng ikkje tru på alvar eller feer for å forstå reisa energien og kroppen vår tek.
Kva skal eg ta med?
Vi har alt nødvendig yogautstyr.
• Komfortable klede
• Notisbok
• Skjerf eller teppe
• Augebind
Referanser

